Lamellgardiner

Lamellgardiner

Lamellgardiner er eit moderne alternativ til gardiner og kan tilpassast vindauge i ulike fasongar og storleikar. Dei passar spesielt godt i store vindauge og er mykje brukt i høge skråvindauge. Lamellgardiner er effektive som solskjerming, men kan også brukast som romdelar eller dekorasjon. Dei passar godt i dei fleste rom, både i heimen og på arbeidsplassen.


Lamellgardina er lett å betjene og kan trekkast heilt eller delvis til sida; anten frå midten og ut eller frå ei side til ei anna. Ved hjelp av ei line kan ein enkelt justere vinkelen på lamellen.


Lamellgardiner kjem i eit rikt fargeutval, og det er mogleg å kombinere fleire fargar i same lamellgardin. Lamellene kan også enkelt bytast ut for å tilpassast nye fargekombinasjonar i interiøret.